2. Kongebok 14:21-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Heile folket i Juda tok Asarja, som då var seksten år gammal, til konge etter Amasja, far hans.

22. Det var han som vann byen Eilat tilbake til Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hos fedrane sine.

23. I det femtande året Amasja, son til Joasj, var konge i Juda, vart Jeroboam, son til Joasj, konge i Israel. Han styrte i Samaria i førtiein år.

24. Jeroboam gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane med på.

25. Han vann tilbake landområde som hadde høyrt Israel til, frå Lebo-Hamat til Araba-sjøen. Det gjekk som Herren, Israels Gud, hadde sagt gjennom tenaren sin, Jona, son til Amittai, profeten frå Gat-Hefer.

2. Kongebok 14