7. Joahas hadde ikkje meir att enn femti ryttarar, ti vogner og ti tusen fotfolk. Resten hadde aramearkongen øydelagt og trakka ned som støv.
8. Det som elles er å seia om Joahas, om alt han gjorde, og om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
9. Joahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Joasj, son hans, vart konge etter han.
10. I det trettisjuande året Joasj var konge i Juda, vart Joasj, son til Joahas, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seksten år.
11. Joasj gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.
12. Det som elles er å seia om Joasj, om alt han gjorde, og om storverka hans i krigen med Amasja, kongen i Juda, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
13. Då Joasj gjekk til kvile hos fedrane sine, sette Jeroboam seg på trona hans. Joasj vart gravlagd i Samaria mellom Israels-kongane.
14. Då Elisja vart ramma av den sjukdomen han skulle døy av, kom Joasj, Israels konge, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Min far, min far! Israels vogner og hestar!»
15. Elisja sa til han: «Hent ein boge og nokre piler!» Og han henta ein boge og nokre piler.