6. Men i det tjuetredje året Joasj var konge, hadde prestane enno ikkje sett tempelet i stand der det var skadd.
7. Då kalla kong Joasj presten Jojada og dei andre prestane til seg og sa: «Kvifor bøter de ikkje brestene i Herrens hus? No skal de ikkje lenger ta imot pengar frå dykkar underordna, men gje dei frå dykk så tempelet kan setjast i stand.»
8. Prestane gjekk med på at dei ikkje skulle ta imot pengar av folket. Men så skulle dei heller ikkje setja i stand tempelet.
9. Presten Jojada tok ei kiste, bora hòl i loket og sette henne på høgre sida av altaret. Når folk kom til tempelet, la prestane som heldt vakt ved inngangen, alle pengane som kom inn til Herrens hus, i kista.