2. Kongebok 12:15-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Ingen heldt rekneskap med dei som tok imot pengane og gav dei til handverkarane, for dei fór ærleg fram.

16. Pengar frå skuldofferet og frå syndofferet gjekk ikkje til Herrens hus. Dei fekk prestane.

17. På den tid gjekk aramearkongen Hasael til åtak på Gat og tok byen. Så sette han seg føre å fara opp mot Jerusalem.

18. Då tok Joasj, Juda-kongen, alle dei heilage tinga som forfedrane hans, Juda-kongane Josjafat, Joram og Ahasja, hadde helga til tempelet, og det han sjølv hadde helga. Saman med alt gullet som fanst i skattkammera, både i Herrens hus og i kongeborga, sende han det til Hasael, aramearkongen. Han drog då bort frå Jerusalem.

19. Det som elles er å seia om Joasj og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

2. Kongebok 12