10. Presten gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus.
11. Og vaktmennene stilte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av tempelet, nær ved altaret og huset, i ein ring rundt kongen.
12. Så førte Jojada kongssonen ut, sette krona på han og gav han kongesymbola. Dei ropa han ut til konge og salva han, klappa i hendene og ropa: «Leve kongen!»
13. Då Atalja høyrde ropa frå vaktmennene og folkemengda, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.
14. Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og stormennene og hornblåsarane attmed han, medan heile folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Svik, svik!»
15. Men presten Jojada gav hundremannsførarane, dei som stod i spissen for hæren, denne ordren: «Før henne ut mellom rekkjene! Følgjer nokon etter henne, så drep han med sverd.» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!»