2. Kongebok 10:28-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

28. Slik rydda Jehu Baal ut av Israel.

29. Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan.

30. Herren sa til Jehu: «Du har handla vel, gjort det som er rett i mine auge, og alt det eg ønskte med Ahabs hus. Difor skal dine søner sitja på Israels trone i fire ættleder.»

31. Men Jehu prøvde ikkje av heile sitt hjarte å følgja den lova som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Han vende seg ikkje bort frå dei syndene som Jeroboam hadde fått israelittane til å gjera.

32. På den tid byrja Herren å riva laus stykke av Israel. Hasael slo israelittane langs heile grensa.

33. På austsida av Jordan tok han heile Gilead, landet der Gad-, Ruben- og Manasse-stammane budde, heilt frå Aroer ved Arnon-elva og nordover, både Gilead og Basan.

34. Det som elles er å fortelja om Jehu og alt det han gjorde, alle storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

35. Jehu gjekk til kvile hos fedrane sine og vart gravlagd i Samaria. Joahas, son hans, vart konge etter han.

36. Den tida Jehu var konge over Israel i Samaria, var tjueåtte år.

2. Kongebok 10