2. Kongebok 1:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Moab gjorde opprør mot Israel etter at Ahab var død.

2. Ahasja fall ut gjennom gittervindauget i loftssalen sin i Samaria og vart hardt skadd. Då sende han bod av stad og sa: «Gå og spør Baal-Sebub, guden i Ekron, om eg skal koma meg av denne sjukdomen.»

3. Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: «Stå opp og gå til møtes med sendeboda frå kongen i Samaria og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel sidan de går for å rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron?

4. Difor seier Herren: Du kjem ikkje til å stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.» Så gjekk Elia.

2. Kongebok 1