2. Johannes 1:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og no legg eg deg på hjartet, frue, ikkje eit nytt bod som eg skriv til deg, men eitt vi har hatt frå første stund: at vi skal elska kvarandre.

6. Og dette er kjærleiken: at vi går fram etter hans bod. Dette bodet har de høyrt frå første stund, og etter det skal de gå fram.

7. For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Dette er forføraren, Antikrist!

8. Vakta dykk, så de ikkje mistar det de har arbeidd for, men får den fulle løna.

9. Den som ikkje blir verande i Kristi lære, men går ut over den, er òg utan Gud. Den som blir verande i læra, har fellesskap både med Sonen og med Faderen.

10. Kjem det nokon til dykk og ikkje har denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje ønskja han velkomen!

2. Johannes 1