1. Timoteus 2:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske.

2. Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer.

3. Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over,

4. han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.

5. For Gud er éin,og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,mennesket Kristus Jesus,

1. Timoteus 2