1. Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von,
2. helsar Timoteus, mitt ektefødde barn i trua: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
3. Då eg drog til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby einskilde der å fara med ei anna lære
4. eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru.
5. Målet for dette oppdraget er kjærleik av eit reint hjarte, av eit godt samvit og av ei oppriktig tru.
6. Nokre har forvilla seg bort frå dette og har hamna i tomme ord.