1. Samuelsbok 9:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Saul svara: «Du har rett. Kom, lat oss gå dit!» Så gjekk dei til byen der gudsmannen var.

11. Då dei gjekk opp bakken som førte til byen, møtte dei nokre jenter som kom ut for å henta vatn, og spurde dei: «Er sjåaren her?»

12. Jentene svara: «Ja, han er beint framfor dykk. Skunda dykk, han er komen til byen i dag, for i dag held folket ei offerhøgtid på haugen.

13. Når de kjem inn i byen, finn de han før han går opp på haugen til måltidet. Folket et ikkje før han kjem, for det er han som velsignar offeret. Først då tek gjestene til å eta. Gå berre opp, for no kan de treffa han.»

14. Så gjekk dei opp til byen, og med det same dei var komne inn i byen, kom Samuel imot dei på veg opp til offerhaugen.

15. Dagen før Saul kom, hadde Herren varsla Samuel og sagt:

16. «I morgon på denne tida sender eg til deg ein mann frå Benjamin-landet; han skal du salva til fyrste over Israel, folket mitt. Han skal fria folket mitt frå filistarhand; for eg har sett kor folket mitt lid, og klageropa deira har nådd meg.»

17. Då Samuel fekk auge på Saul, sa Herren til han: «Sjå, der er den mannen som eg tala til deg om. Han skal styra folket mitt.»

18. Saul gjekk bort til Samuel midt i porten og sa: «Kan du seia meg kvar sjåaren bur!»

19. Samuel svara Saul: «Eg er sjåaren. Gå føre meg opp på haugen! De skal eta med meg i dag. I morgon tidleg skal eg senda deg av stad, og eg skal fortelja deg alt som hjartet ditt vil vita.

20. Eselhoppene som kom bort for deg for tre dagar sidan, skal du ikkje vera uroleg for; dei er komne til rette. Men kven er det heile Israel ønskjer seg? Er det ikkje deg og huset til far din?»

1. Samuelsbok 9