1. Då Samuel vart gammal, sette han sønene sine til dommarar i Israel.
2. Den førstefødde heitte Joel og den andre Abia. Dei var dommarar i Beer-Sjeba.
3. Men sønene følgde ikkje vegane til Samuel. Dei søkte urett vinning, lét seg kjøpa og vrengde retten.
4. Då samla alle dei eldste i Israel seg og kom til Samuel i Rama.
5. Dei sa til han: «No er du gammal, og sønene dine følgjer ikkje dine vegar. Set ein konge til å styra oss slik alle dei andre folka har.»