1. Filistrane førte krig mot Israel. Då flykta israelittane for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.
2. Filistrane var like i hælane på Saul og sønene hans, og dei felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.
3. Saul var hardt pressa i kampen. Bogeskyttarane kom over han, og han skalv av redsle for dei.
4. Då sa Saul til våpenberaren sin: «Dra sverdet og støyt det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og stikka meg ned og fara ille med meg.» Men våpenberaren ville ikkje; han var for redd. Då tok Saul sjølv sverdet og styrta seg mot det.