1. Samuelsbok 29:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Filistrane samla alle hærane sine ved Afek, medan israelittane slo leir ved kjelda i Jisreel.

2. Filistarhovdingane drog fram i spissen for avdelingar på hundre og tusen mann. Sist kom David og mennene hans saman med Akisj.

3. Då sa feltherrane til filistrane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara dei: «Er ikkje dette David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen, han som har vore hos meg i over eitt år? Frå den dagen han gjekk over til meg og til no har eg ikkje funne noko å utsetja på han.»

1. Samuelsbok 29