1. Samuelsbok 26:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Mennene frå Sif kom til Saul i Gibea og sa: «Du veit vel at David held seg løynd ved Hakila-høgda, midt imot Jesjimon?»

2. Då braut Saul opp og drog ned til Sif-ørkenen med tre tusen utvalde israelittar for å leita etter David.

3. Saul slo leir på Hakila-høgda, som ligg ved vegen midt imot Jesjimon. David heldt til i ørkenen, og då han skjøna at Saul var komen etter han dit,

4. sende han ut spionar og fekk påliteleg melding om at Saul var der.

5. Då braut David opp og kom til den staden der Saul hadde slege leir. Han såg kvar Saul og hærføraren hans, Abner, son til Ner, hadde lagt seg til å sova. Saul låg midt i leiren med soldatane rundt seg.

6. David tok til orde og spurde hetitten Ahimelek og Abisjai, son til Seruja og bror til Joab: «Kven vil gå ned med meg i leiren til Saul?» Abisjai svara: «Eg vil gå ned med deg.»

7. Då David og Abisjai kom bort til hæren om natta, låg Saul og sov midt i leiren. Spydet hans var stukke ned i jorda like ved hovudet hans, og Abner og krigsfolket låg rundt han.

8. Abisjai sa til David: «I dag har Gud gjeve fienden i di hand. Lat meg få spidda han til jorda i ein einaste støyt. Ein støyt med spydet er nok.»

9. Men David svara Abisjai: «Drep han ikkje! Kven kan ustraffa leggja hand på den Herren har salva?»

1. Samuelsbok 26