3. Derifrå drog David til Mispe i Moab og sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få koma og bu hos dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.»
4. Så tok han dei til kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga.
5. Men profeten Gad sa til David: «Du må ikkje vera i fjellborga lenger. Dra bort og kom deg tilbake til Juda!» Då drog David av garde og kom til Haret-skogen.
6. Saul fekk høyra at nokon hadde kjent att David og dei mennene som var med han. Saul sat i Gibea under tamarisktreet oppe på høgda med spydet i handa, og alle mennene hans stod ikring han.
7. Då sa han til mennene som stod der: «Høyr på meg, benjaminittar! Trur de at Isai-sonen vil gje dykk alle saman jorde og vinmarker? Vil han setja dykk til førarar for tusen og hundre?
8. De har då alle svore dykk i hop mot meg. Ingen av dykk varsla meg då son min gjorde pakt med Isai-sonen. Ingen hadde medkjensle med meg og varsla meg då son min sette min eigen tenar opp imot meg, så han ligg i bakhald mot meg som han no gjer.»
9. Då svara Doeg frå Edom, som stod mellom mennene til Saul: «Eg såg at Isai-sonen kom til Ahimelek, son til Ahitub, i Nob.
10. Og Ahimelek bad Herren om råd for han. Han gav han reisekost og lét han få sverdet til filistaren Goliat.»