15. Dette er ikkje første gongen eg bed Gud om råd for han, langt ifrå. Kongen må ikkje leggja meg eller nokon i min familie dette til last. For eg har ikkje visst noko som helst om dette.»
16. Men kongen sa: «Du skal døy, Ahimelek, både du og heile familien din.»
17. Så sa kongen til livvakta som stod ikring han: «Gå fram og drep Herrens prestar! For dei held òg med David. Dei visste at han var på flukt, men varsla meg ikkje.» Men kongens menn ville ikkje eingong lyfta ei hand for å røra ved Herrens prestar.
18. Då sa kongen til Doeg: «Gå du fram og hogg prestane ned!» Og Doeg frå Edom gjekk fram og hogg ned prestane. Den dagen drap han åttifem mann som bar efod-drakter av lin.