1. Samuelsbok 17:22-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. David la sakene sine frå seg hos vaktaren som hadde tilsyn med krigsutstyret. Så sprang han bort til hæren, fann brørne sine og helsa på dei.

23. Medan han snakka med dei, steig tvikjemparen, filistaren Goliat frå Gat, fram frå rekkjene med filistrar. Han ropa dei same orda som tidlegare, og no høyrde David det òg.

24. Alle israelittane flykta for Goliat straks dei fekk sjå han. Dei var svært redde.

25. Og dei sa seg imellom: «Ser de den karen som kjem fram der? Han kjem for å håna Israel. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og slekta hans skal vera friteken for skatt i Israel.»

26. David spurde dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle få, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanære bort frå Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren som vågar å håna hæren til den levande Gud?»

27. Folket tok opp att det som var sagt: Det og det skal han få som feller han.

28. Eliab, eldste bror til David, høyrde kva han tala med mennene om. Han vart sint på David og sa: «Kvifor er du komen hit ned? Kven har du fått til å gjeta den vesle saueflokken uti ørkenen? Eg veit kor frekk og vond du er. Du er berre komen hit for å sjå på slaget.»

29. «Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var då berre eit spørsmål!»

30. Så vende han seg frå bror sin og spurde ein annan om det same. Og folket gav han same svaret som første gongen.

31. Det spurdest snart kva David hadde sagt, og det vart kunngjort for Saul, som sende bod etter han.

32. David sa til Saul: «Ingen må mista motet! Tenaren din skal gå og kjempa med denne filistaren.»

33. Men Saul svara: «Du kan ikkje gå mot filistaren og kjempa med han; du er då berre ungguten, og han har vore krigar heilt ifrå ungdomen.»

34. Då sa David: «Tenaren din har gjett småfeet for far sin. Kom det då ei løve eller ein bjørn og tok eit fe frå flokken,

35. sprang eg etter udyret, slo det og reiv feet ut or gapet på det. Og reiste det seg mot meg, treiv eg det i skjegget og slo det i hel.

36. Både løve og bjørn har tenaren din felt, og det skal gå denne uomskorne filistaren som dei; for han har hånt den levande Guds hær.»

37. Og David la til: «Herren, som har berga meg frå løve og bjørn, han skal nok òg berga meg frå denne filistaren.» Då sa Saul til David: «Gå, måtte Herren vera med deg.»

38. Så lét han David få sine eigne klede, sette ein bronsehjelm på hovudet hans og hadde på han ei brynje.

39. David batt sverdet til Saul utanpå kleda og prøvde å gå, men til fånyttes. For han hadde aldri prøvd det før. «Eg greier ikkje å gå med dette på meg», sa han til Saul, «eg er ikkje van med det.» Så la han det av seg

40. og tok heller staven sin i handa, valde seg ut fem glatte steinar frå elvefaret og la dei i gjetartaska som han bar over aksla. Slyngja hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren.

41. Imedan kom filistaren nærare og nærare David, og skjoldberaren gjekk føre han.

1. Samuelsbok 17