1. Samuelsbok 15:19-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over byttet og gjorde det som var vondt i Herrens auge?»

20. Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og slo amalekittane med bann.

21. Men krigsfolket tok småfe og storfe av byttet, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»

22. Då sa Samuel:«Har Herren si glede i brennoffer og slaktofferlike mykje som i lydnad mot Herrens ord?Nei, å lyda er betre enn slaktoffer,å høyra etter er betre enn feitt av vêrar.

23. Trass er som spådomssynd,og stridlynde er som avgudsdyrking.Fordi du har vraka Herrens ord,har han vraka deg som konge.»

24. Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda, for eg har brote Herrens bod og dine ord. Eg var redd folket og gav etter for dei.

25. Men tilgjev no mi synd og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.»

26. Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg. Du skal ikkje lenger vera konge over Israel.»

27. Dermed snudde Samuel seg og ville gå. Men Saul greip tak i kanten på kappa hans, så ho rivna.

28. Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.

29. Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, ein som angrar.»

30. Saul svara: «Eg har synda. Men syn meg likevel den æra framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel. Ver med meg attende så eg kan tilbe Herren din Gud.»

31. Då følgde Samuel Saul attende, og Saul tilbad Herren.

32. Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg.» Skjelvande gjekk Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!»

33. Samuel svara:«Som sverdet ditt reiv borna bort frå mødrene,skal di mor bli barnlaus, meir enn andre kvinner.»Så hogg Samuel Agag ned for Herrens andlet i Gilgal.

34. Deretter gjekk Samuel til Rama, og Saul drog heim att til Sauls Gibea.

1. Samuelsbok 15