1. Samuelsbok 14:4-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. På kvar side av det skardet der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein bratt berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne.

5. Den eine av desse hamrane stig rett opp på nordsida, midt imot Mikmas, den andre på sørsida, midt imot Geba.

6. Så sa Jonatan til våpenberaren sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Kan henda hjelper Herren oss. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.»

7. Våpenberaren svara: «Gjer alt som ligg deg på hjartet. Gå berre på! Eg følgjer deg kvar du vil.»

8. Då sa Jonatan: «No går vi over til dei, så dei får auge på oss.

9. Om mennene då seier: Stå stille til vi kjem bort til dykk! – så blir vi ståande der vi er, og går ikkje opp til dei.

10. Men seier dei: Kom opp til oss! – så går vi opp, for då har Herren gjeve dei i våre hender. Det skal vera teiknet vårt.»

11. Då filistrane kunne sjå dei frå forposten, sa dei: «Sjå, der er nokre hebrearar som er komne ut or hòlene dei gøymde seg i.»

12. Mennene på forposten ropa til Jonatan og våpenberaren hans: «Kom opp til oss, så skal vi seia dykk noko.» Då sa Jonatan til våpenberaren: «Følg meg opp, for Herren har gjeve dei i Israels hender.»

13. Så kleiv Jonatan opp på hender og føter, og våpenberaren følgde. Filistrane fall då Jonatan slo til, og våpenberaren kom etter han og gav dei dødsstøyten.

14. I dette første åtaket frå Jonatan og våpenberaren hans felte dei om lag tjue mann på ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast på ein dag.

15. Då kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute på marka. Til og med forposten og plyndrarane skalv av skrekk. Jorda riste, og ei redsle frå Gud kom over dei.

16. Frå Gibea i Benjamins landområde såg utkikkspostane til Saul at fiendehæren spreidde seg i alle retningar.

17. Då sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som manglar.» Så heldt dei mønstring, og det viste seg at Jonatan og våpenberaren hans var borte.

18. Då sa Saul til Ahia: «Kom hit med Guds paktkiste!» For Guds paktkiste var på den tid hos israelittane.

19. Men medan Saul tala med presten, auka forvirringa i filistarleiren meir og meir. Saul sa då til presten: «Trekk handa di tilbake!»

1. Samuelsbok 14