19. Morgonen etter stod dei tidleg opp og tilbad Herren. Så gav dei seg på heimveg og kom til Rama. Og då Elkana igjen var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug.
20. Før året var ute, vart ho med barn og fødde ein son. Ho kalla han Samuel; «for eg har bede Herren om han», sa ho.
21. Elkana drog opp att med heile sitt hus for å bera fram det årlege slaktofferet og lovnadsofferet for Herren,
22. men Hanna vart ikkje med. Ho sa til mannen sin: «Når guten er avvand, vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.»
23. «Gjer som du tykkjer best», svara mannen hennar, Elkana. «Ver heime til du har vant han av! Måtte Herren setja sitt ord i verk!» Så heldt kvinna seg heime og amma sonen til han var avvand.