1. Mosebok 8:20-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Noah bygde eit altar for Herren, og han tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret.

21. Og Herren kjende den gode angen. Då sa Herren i sitt hjarte: «Eg vil aldri meir forbanna jorda for mennesket skuld, sjølv om menneskehjartet vil det vonde frå ungdomen av. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, slik eg no har gjort.

22. Så lenge jorda står,skal såtid og innhausting, kulde og hete,sommar og vinter, dag og nattaldri ta slutt.»

1. Mosebok 8