1. Mosebok 5:26-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer.

27. Metusjalah levde i 969 samfulle år. Så døydde han.

28. Då Lamek var 182 år, fekk han ein son.

29. Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i vårt arbeid og i våre henders strev på den jorda som Herren har forbanna.»

30. Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer.

31. Lamek levde i 777 samfulle år. Så døydde han.

32. Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Ham og Jafet.

1. Mosebok 5