1. Mosebok 30:14-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Ein dag i kveitehausten gjekk Ruben ut på marka. Der fann han alrunar, og han tok dei med seg heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: «Gjev meg nokre av alrunane som son din har funne!»

15. Lea svara: «Er det ikkje nok at du har teke mannen min? Vil du ta alrunane til son min òg?» Då sa Rakel: «Får eg alrunane, kan Jakob liggja med deg i natt.»

16. Då Jakob kom heim frå marka om kvelden, gjekk Lea til møtes med han og sa: «Det er meg du skal koma til; eg har kjøpt deg for dei alrunane som son min fann.» Så låg han med henne den natta.

17. Og Gud høyrde Lea. Ho vart med barn og fødde Jakob den femte sonen.

18. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg løn for at eg gav slavekvinna til mannen min.» Så kalla ho han Jissakar.

19. Sidan vart Lea med barn att og fødde Jakob den sjette sonen.

20. Då sa Lea: «Gud har gjeve meg ei god gåve. Denne gongen vil mannen min visa meg vørdnad, for eg har fødd han seks søner.» Så kalla ho han Sebulon.

21. Sidan fødde ho ei dotter og kalla henne Dina.

22. Då kom Gud Rakel i hug. Han høyrde henne og opna morslivet hennar

23. så ho vart med barn og fødde ein son. Då sa ho: «Gud har teke bort mi skam.»

24. Ho kalla han Josef; for ho sa: «Måtte Herren gje meg endå ein son!»

25. Då Rakel hadde fødd Josef, sa Jakob til Laban: «Lat meg få reisa heim til mitt eige land!

26. Gjev meg konene og borna mine, som eg har tent deg for, så eg kan dra. For du veit korleis eg har arbeidd for deg.»

27. Då sa Laban: «Om du berre ville sjå på meg med velvilje! Spådomsteikna viser meg at det er for di skuld Herren har velsigna meg.»

28. Han heldt fram: «Sei kva du skal ha i løn hos meg, så skal eg gje deg det!»

1. Mosebok 30