15. Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du enn går, og føra deg tilbake til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.»
16. Då vakna Jakob av søvnen og sa: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!»
17. Han vart redd og sa: «Kor skremmeleg denne staden er! Dette må vera Guds hus, her er porten til himmelen.»