1. Mosebok 15:7-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Og han sa til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea for å gje deg dette landet i arv.»

8. Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det i arv?»

9. Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.»

10. Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to.

11. Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort.

12. Då sola heldt på å gå ned, fall ein djup søvn over Abram. Og sjå, redsle og eit stort mørker fall over han.

13. Og Gud sa til Abram: «Dette skal du vita: Ætta di skal bu som innflyttarar i eit land som ikkje er deira. Dei skal vera slavar og bli plaga av folket der i fire hundre år.

1. Mosebok 15