11. Dei fire kongane tok alt av eigedom og matvarer i Sodoma og Gomorra og drog bort.
12. Og dei tok Lot, brorson til Abram, og alt det han eigde, og drog bort. Han budde i Sodoma.
13. Då kom ein som hadde sloppe unna, og fortalde dette til hebrearen Abram. Han heldt til ved eikelunden til amoritten Mamre, bror til Esjkol og Aner. Dei hadde ei pakt med Abram.