1. Mosebok 10:19-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Landområdet til kanaanearane strekte seg frå Sidon til Gaza, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.

20. Dette var Hams etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land og folkeslag etter folkeslag.

21. Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart stamfar til alle Eber-sønene.

22. Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram.

1. Mosebok 10