1. Mosebok 1:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.

2. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.

3. Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys.

4. Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret.

5. Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.

6. Gud sa: «Det skal bli ein kvelv midt i vatnet! Han skal skilja vatn frå vatn.»

7. Gud laga himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over kvelven. Og slik vart det.

8. Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.

1. Mosebok 1