4. Til kvar familie høyrde, ifølgje slektshistoria deira, flokkar av krigarar, 36 000 mann; for dei hadde mange koner og born.
5. Brørne deira i alle Jissakar-slektene var òg djerve krigarar. I alt stod det 87 000 mann i slektsregisteret deira.
6. Benjamin hadde tre søner: Bela, Beker og Jediael.
7. Sønene til Bela var Esbon, Ussi, Ussiel, Jerimot og Iri, fem i alt. Dei var leiarar for familiane og djerve krigarar. I slektsregisteret deira var det 22 034 mann.