1. Krønikebok 5:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Austover busette dei seg heilt til den ørkenen som strekkjer seg frå elva Eufrat. For buskapen deira hadde auka sterkt i Gilead.

10. I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Dei busette seg i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.

11. Gads stamme budde midt imot dei i Basan-landet, heilt til Salka.

12. Joel var den fremste mellom dei, etter han kom Sjafam, så Janai, dommaren i Basan,

13. og brørne deira, familie for familie: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i alt.

1. Krønikebok 5