1. Krønikebok 5:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Hans son var Mika, hans son Reaja og hans son Baal.

6. Hans son var Beera, som Tiglat-Pileser, kongen av Assur, førte i eksil. Han var leiar for Ruben-stammen.

7. Brørne hans, slekt for slekt, som dei stod oppskrivne i slektsregistra, var Je'iel, hovdingen, Sakarja

8. og Bela, son til Asas, som var son til Sjema, Joels son.Dei budde i Aroer og heilt bort til Nebo og Baal-Meon.

9. Austover busette dei seg heilt til den ørkenen som strekkjer seg frå elva Eufrat. For buskapen deira hadde auka sterkt i Gilead.

10. I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Dei busette seg i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.

11. Gads stamme budde midt imot dei i Basan-landet, heilt til Salka.

12. Joel var den fremste mellom dei, etter han kom Sjafam, så Janai, dommaren i Basan,

13. og brørne deira, familie for familie: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i alt.

14. Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jahdo, som var son til Bus.

1. Krønikebok 5