1. Dette er ei liste over leiarane for familiane til israelittane, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og tilsynsmennene som tente kongen i alt det som hadde med hæravdelingane å gjera. Dei avløyste kvarandre månad for månad gjennom heile året. Kvar avdeling var på 24 000 mann.
2. Jasjobam, son til Sabdiel, hadde ansvaret for den første avdelinga, som gjorde teneste i den første månaden. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
3. Han var ein etterkomar av Peres og var overhovud for alle dei hærførarane som gjorde teneste i den første månaden.
4. Dodai frå Ahoah hadde ansvaret for avdelinga som gjorde teneste i den andre månaden, og Miklot var ein av førarane. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
5. Den tredje hærføraren, som gjorde teneste i den tredje månaden, var Benaja, son til hovudpresten Jojada. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
6. Denne Benaja var ein helt mellom dei tretti og stod over dei. Ammisabad, son hans, var òg med i avdelinga hans.
7. Den fjerde, som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Avdelinga hans var på 24 000 mann.