7. Dei leigde seg 32 000 vogner og fekk med seg kongen i Maaka og krigsfolket hans. Alle desse kom og slo leir utanfor Medeba. Ammonittane samla seg òg frå byane sine og drog i hærferd.
8. Då David høyrde dette, sende han Joab av stad med elitetroppane i hæren.
9. Ammonittane drog ut og fylka seg til kamp framfor byporten. Men kongane som var komne dit, stod for seg sjølve på open mark.
10. Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut nokre av dei beste krigarane i Israel og stilte dei opp mot aramearane.
11. Resten av hæren lét han Absjai, bror sin, få hand over, og dei fylka seg mot ammonittane.
12. Så sa han: «Blir aramearane for sterke for meg, må du koma meg til hjelp; og blir ammonittane for sterke for deg, skal eg hjelpa deg.
13. Ver sterk! Lat oss vera uredde i kampen for folket vårt og for byane til vår Gud, så får Herren gjera det som er best i hans auge.»
14. Så gjekk Joab og mennene hans til åtak på aramearane, og dei flykta for han.
15. Då ammonittane såg at aramearane rømde, flykta dei òg for Absjai, bror til Joab, og kom seg inn i byen. Då drog Joab tilbake til Jerusalem.
16. Då aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, sende dei bodberarar til aramearane som budde på andre sida av Eufrat, og fekk dei til å ta ut. Sjofak, hærføraren til Hadadeser, førte dei.