9. David fekk stadig større makt, for Herren over hærskarane var med han.
10. Dette er dei fremste av krigsheltane til David. Saman med heile Israel gav dei kongsmakta hans sterk støtte. Dei ville gjera han til konge etter Herrens ord om Israel.
11. Dette er ei liste over krigarane til David: Først var det Jasjobam, son til Hakmoni, som var hovding for dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over tre hundre falne på ein gong.
12. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Ahoah. Han var ein av dei tre heltane.
13. Han var med David ved Pas-Dammim då filistrane hadde samla seg til kamp der. Det var ein tett byggåker der, og då folket flykta for filistrane,
14. gjekk dei midt ut i åkeren og verna han. Dei hogg ned filistrane, og Herren lét dei vinna ein stor siger.
15. Ein gong drog tre av dei tretti hovdingane ned over berget til David, som var i hòla ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa'im-dalen.
16. David heldt den gongen til i fjellborga, og forposten til filistrane låg ved Betlehem.
17. Då vart David svært tørst og sa: «Kven vil henta vatn til meg frå brønnen ved byporten i Betlehem!»
18. Dei tre tok seg inn i filistarleiren. Dei auste opp vatn frå brønnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han auste det ut for Herren