2. Mjølk gav eg dykk å drikka og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno,
3. for framleis er det berre kjøt og blod som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då styrte av kjøtet og går fram på same måten som alle andre menneske?
4. Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5. Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til:
6. Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst.
7. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst.
8. Den som plantar og den som vatnar, er eitt, men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.
9. For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10. Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister, og andre byggjer oppå. Men kvar einskild må vera nøye med korleis han byggjer.