1. Korintar 14:11-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg.

12. På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga!

13. Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.

14. For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det.

1. Korintar 14