3. Det var eit tak av sedertre over takbjelkane som kvilte mot søylene. I alt var det førtifem, femten i kvar rad.
4. Huset hadde tre rader glas med karmar. Glasa låg beint imot kvarandre i tre høgder.
5. Alle dørene og glasa hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder.
6. Så bygde han søylehallen, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor han var det ein forhall med søyler, og framfor den eit skjermtak.
7. Dessutan bygde han tronhallen, der han sat og dømde, Domshallen. Han kledde han med sedertre frå golv til tak.
8. Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhallen. Det var bygd på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det likna forhallen.