40. Så gjekk Ahab til kvile hos fedrane sine, og Ahasja, son hans, vart konge etter han.
41. Då Ahab hadde vore konge i Israel i fire år, vart Josjafat, son til Asa, konge i Juda.
42. Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi.
43. Josjafat følgde i eitt og alt den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge.
44. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket heldt fram med å slakta og brenna røykjelse på haugane.
45. Josjafat heldt fred med kongen i Israel.
46. Det som elles er å seia om Josjafat, om dei storverk han gjorde og krigane han førte, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
47. Resten av dei tempelprostituerte mennene, dei som var att frå den tid Asa, far hans, levde, jaga han ut av landet.
48. Den gongen var det ingen konge i Edom. Ein statthaldar styrte der.
49. Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle segla til Ofir etter gull. Men dei kom aldri dit, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.
50. Den gongen sa Ahasja, son åt Ahab, til Josjafat: «Lat mine folk segla saman med dine på skipa.» Men det ville ikkje Josjafat.
51. Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Joram, son hans, vart konge etter han.
52. Då Josjafat hadde vore konge i Juda i sytten år, vart Ahasja, son til Ahab, konge over Israel i Samaria. Han styrte i Israel i to år.
53. Ahasja gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han følgde den same vegen som far hans og mor hans hadde følgt, og som Jeroboam, son til Nebat, hadde følgt, han som fekk Israel til å synda.
54. Han dyrka Baal og tilbad han og gjorde Herren, Israels Gud, rasande, heilt og fullt som far hans hadde gjort.