1. Kongebok 22:29-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.

30. Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut og drog ut i krigen.

31. Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til dei trettito kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot kven som helst, korkje høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»

32. Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så vende dei seg mot han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt.

33. Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.

34. Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.»

35. Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane. Men då kvelden kom, døydde han. Og blodet frå såret rann ned i botnen av vogna.

36. Ved solnedgang gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»

37. Slik døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han.

38. Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans medan dei prostituerte kvinnene bada der. Det gjekk som Herren hadde sagt.

39. Det som elles er å seia om Ahab og alt det han utretta, om elfenbeinshuset han reiste og alle byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

40. Så gjekk Ahab til kvile hos fedrane sine, og Ahasja, son hans, vart konge etter han.

1. Kongebok 22