1. Kongebok 22:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Aramearane og israelittane heldt seg no i ro i tre år; det var ingen krig mellom dei.

2. Tredje året drog Josjafat, kongen i Juda, ned til kongen i Israel.

3. Då sa Israels-kongen til mennene sine: «De veit vel at Ramot i Gilead høyrer til oss? Og så gjer vi ingenting for å ta byen tilbake frå aramearkongen!»

4. Og til Josjafat sa han: «Vil du gå med meg i krig mot Ramot i Gilead?» Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

5. Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør først Herren til råds!»

6. Då samla Israels-kongen profetane, om lag fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far opp! Herren vil gje byen i kongens hender.»

7. Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»

8. Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»

1. Kongebok 22