1. Kongebok 17:21-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Så strekte han seg tre gonger ut over barnet og ropa til Herren: «Herre, min Gud! Lat barnet få livet att!»

22. Herren høyrde bøna til Elia. Og guten fekk att livet; han vart levande att.

23. Elia tok barnet og bar det frå takkammeret og ned i huset. Han gav det til mora og sa: «Sjå, son din lever!»

24. Då sa kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»

1. Kongebok 17