1. Kongebok 15:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Men for Davids skuld lét Herren hans Gud ei lampe lysa for han i Jerusalem. Han gav han ein son som kunne følgja etter han, og lét Jerusalem få stå.

5. For David gjorde det som var rett i Herrens auge. I heile sitt liv veik han ikkje frå noko av det Herren hadde bode han, så nær som den gongen han synda mot hetitten Uria.

6. Heile tida var det krig mellom Abia og Jeroboam.

7. Det som elles er å fortelja om Abia og alt det han utretta, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. Mellom Abia og Jeroboam var det krig.

8. Så gjekk Abia til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen, og son hans, Asa, vart konge etter han.

9. I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda.

10. Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Maaka og var dotter til Absalom.

1. Kongebok 15