1. Kongebok 15:27-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Basja, son til Ahia av Jissakar-stammen, fekk i stand ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel ved Gibbeton, ein by som høyrde filistrane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett.

28. Det var i tredje styringsåret til Juda-kongen Asa at Basja drap Nadab og vart konge etter han.

29. Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams hus. Han lét ikkje ei levande sjel vera att av kongsætta, men rydda henne heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Ahia frå Sjilo, tenaren sin.

30. Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort, og som han hadde fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han gjort Herren, Israels Gud, rasande.

31. Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

1. Kongebok 15