21. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
22. For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
23. Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom.
24. Og frå heile verda søkte dei Salomo for å høyra visdomen som Gud hadde lagt ned i hjartet hans.
25. Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kapper, våpen, balsamoljar, hestar og muldyr.