1. Kongebok 10:10-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull, balsamoljar i stor mengd og edelsteinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med balsamoljar til landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.

11. Flåten til Hiram som henta gull frå Ofir, hadde òg med seg store mengder sandeltre og edelsteinar derifrå.

12. Av sandeltreet fekk kongen laga utsmykkingar til Herrens hus og kongeborga og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet, og så mykje har ikkje vore å sjå til denne dag.

13. Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til det som sømde seg for så mektig ein konge som Salomo å gje henne. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

14. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.

15. Attåt det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.

16. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sjekel gull.

17. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

1. Kongebok 10