1. Mine born, dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hos Far. Det er Jesus Kristus, Den rettferdige.
2. Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.
3. Og på dette veit vi at vi kjenner han: at vi held boda hans.
4. Den som seier: «Eg kjenner han», men ikkje held boda hans, er ein løgnar, og sanninga er ikkje i han.
5. Men Guds kjærleik har i sanning vorte fullenda i den som held ordet hans. Av dette veit vi at vi er i han.
6. Den som seier: «Eg er i han», må leva som Jesus levde.
7. Mine kjære, eg skriv ikkje eit nytt bod til dykk, men eit gammalt bod som de har hatt frå første stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt.