Sefanja 1:4-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Eg retter ut handa mot Juda,mot alle som bur i Jerusalem.Eg tek bort frå denne stadenalt som er att av Ba’al,og namnet åt avgudsprestanesaman med prestane.

5. Eg rydjar ut dei som tilbedhimmelhæren på taka,dei som tilbed Herren ¬og sver ved han,men samstundes sver ¬ved Milkom,

6. og dei som har vendt ¬Herren ryggen,som ikkje søkjer Herrenog ikkje spør han til råds.

7. Ver still for Herren Gud,for Herrens dag er nær!Herren har laga til ¬ei offerslakting,han har vigt sine gjester.

8. På Herrens slaktofferdag ¬skal det hendaat eg straffar hovdingar ¬og kongssønerog alle som kler seg ¬i utanlandsk drakt.

9. Den dagen vil eg straffaalle dei som stig opp ¬på pallen,dei som fyller sin Herres hus ¬med vald og svik.

10. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,skal det høyrast skrik ¬frå Fiskeporten,jammer frå Nybyenog sterkt brak frå haugane.

11. Hyl, de som bur i Morteren,for heile kræmarfolket ¬er gjort til inkjes,utrudde er alle ¬som vog opp sølv.

Sefanja 1