Sefanja 1:3-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Eg riv bort både folk og fe,fuglen i lufta og fisken i sjøen.Eg fører dei ugudelege til fallog rydjar menneska ut av jorda,lyder ordet frå Herren.

4. Eg retter ut handa mot Juda,mot alle som bur i Jerusalem.Eg tek bort frå denne stadenalt som er att av Ba’al,og namnet åt avgudsprestanesaman med prestane.

5. Eg rydjar ut dei som tilbedhimmelhæren på taka,dei som tilbed Herren ¬og sver ved han,men samstundes sver ¬ved Milkom,

6. og dei som har vendt ¬Herren ryggen,som ikkje søkjer Herrenog ikkje spør han til råds.

7. Ver still for Herren Gud,for Herrens dag er nær!Herren har laga til ¬ei offerslakting,han har vigt sine gjester.

Sefanja 1