Sefanja 1:10-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,skal det høyrast skrik ¬frå Fiskeporten,jammer frå Nybyenog sterkt brak frå haugane.

11. Hyl, de som bur i Morteren,for heile kræmarfolket ¬er gjort til inkjes,utrudde er alle ¬som vog opp sølv.

12. På den tid skal det hendaat eg ransakar Jerusalem ¬med ljos og lyktog krev mennene der ¬til rekneskap,dei som sit stive ¬over bermen av sin vinog seier med seg sjølve:«Herren gjer korkje godt ¬eller vondt.»

13. Eigedomen deira ¬skal plyndrastog husa deira øydeleggjast.Byggjer dei hus, ¬får dei ikkje bu i dei,plantar dei vinhagar, ¬får dei ikkje drikka vinen.

Sefanja 1